________________________________________ Poesi
Eg vakna med svarte hender,
eit leikande smil om munnen.
Eg vakna med sørgerender,
barndomen var atter funnen.
Eg stod opp med reine hender,
barndomen var overvunnen.
Knut Lekvam
Hei, kven er du? ho ser leikande på meg.
Dei to kavalerane hennar saktar akterut.
Du har fine rare briller seier ho.
Eg smiler blygt.
Kven er du? gjentek ho.
Eg er ein som bur borti her! svarar eg.
Eg óg, seier ho. Ho ler.
Ho tek lange steg opp bakken.
Det går raskare slik, seier ho.
Spesielt no på denne tida på døgnet,
i vår tilstand, seier eg.
Me ler og tek eit par ekstra lange steg.
Oisan eg må vente på dei andre seier ho,
og ho forsvinn bakover i mørkret.
Kven var den jævla don juanen?
høyrer eg det vert murra i det
eg forsvinn bak neste hjørne.
Knut Lekvam
eg kjenner endetida koma
er det noko tid
er ho betre
ho ser på meg
gjennom skodda
det klarnar
er det eit smil
eg kjenner meg nummen
men det er inni
ho snakkar spørjande
eg sveittar
det er ikkje no
fortida er framtida
ho snakkar til meg
eg nektar å gjera det
eg ser kring meg
andlet spørjande
dei ler
eg er borte
ho går frå meg
framtida er fortid
eg øygnar ikkje noko anna
det var framtida
fortida er svart
skjelving
det frys gjennom meg
det ristar
dei ler
kva er det
eg er her
ho ser dumt på meg
likar du meg ikkje
eg er framtida
men fortida er mørk
du er lys
eg ser det mørke siga på
som ormar
augo gløder av fyll
oppkast
eg er vekke
ein uuthaldeleg rus
eg mister føringa
tankane sviv rundt
raskare raskare
knut lekvam
Den mørke mahognyen
fresar mellom hendene
Spona luktar av negrar og uferdig vin
Eg pussar ned flata
Det er ikkje alt som vert skrive
som vert tyda av Roland Barthes
Eg ser på teikningane i treet
og tenkjer på soga om
Napoleon i Egypt:
2 mamelukkar slår 13 franskmenn i kamp
medan 1000 franskmenn
utan tvil slår 1500 mamelukkar
Dette er ikkje formell logikk
Eg sopar opp spona,
ser på flata og seier mumlande:
Eg er ikkje ferdig med deg ennå
På måndag finn eg ein fin
blank lakk inne i byen
Meininga
Kva er meininga med å eta når ein vert svolten om nokre
timar
Kva er meininga med å sova når ein er trøytt om
morgonen likevel
kva er meininga med å drikka når morgondagen er bakrus
kva er meininga med å leva når ein likevel skal døy
Knut Lekvam
Eg steinhoggaren
sit stille
i eit kaldt rom
våte vegger
kløyvde steinar
Nokon opnar ei dør
På tivoli let dei henne ikkje inn
Eg tek opp hammaren
han ligg lett i handa
Eg likar å kløyva stein
eg likar å køyra karusell
i store ringar
krinsar eg rundt eit punkt
Punktet står fast
eg sit mange turar åleine
steinen er kald i dag
korna blenkjer ikkje
slik dei gjorde før
Eg keiar meg
I det eg kjem ut or porten
har ho gått
Knut Lekvam
Eg er ingenting anna enn ei kraft
ei kraft som riv meg sund
eit losnande ras som skrik
kvar hen, kvar hen?
folk går heim
eg står att i møkret
stille roleg
Edit Sødergran kvar er di kraft?
eg legg meg
ned kjenner søla trekke inn
gjennom dongeribuksa
kaldt kjenner eg regnet piska
og ute leikar hunden.
Knut Lekvam
Den kløyvde greina
ligg ordlaus
på bakken
Borken er våt
og glimar i den
klåre haustsola
Clinton hadde munnsex
Eg går inn att og
set på kaffikjelen
Rettsaka kostar millionar
Bombinga av Baghdad var
gratis
finansiert av andre
I omnen sprakar det
Veden kostar meg
berre sveitte
Knut Lekvam
Det grå svarte fjellet et seg ned i fjorden
ein lastebil durar forbi
Eksosen flyt ut som eit tungt teppe
Skuggar
Isen vert knust av piggane i eit depressivt knas
Stille
Susen frå rohypnolglaset som rasar mot golvet gjev ekko mellom fjella
Fargane er borte
asfalten glid i eitt med naturen
Harmoni
Han smiler, helsar til alle kantar
Folk snur seg
eg rødmar
Han blir med meg heim
Eg flytter inn etter 3 intense veker
hjå han
draumeprinsen
Etter 3 månader
legg eg dekkstift over det fyrste blåmerket
Du er heldig du
som har funne ein så kjekk mann
reine draumeprinsen
seier dei i bryllupstalane
På legevakta ser dei brydde vekk
Det var dørkarmen som gav kutta
Eg vil heim til traumeprinsen
Eg vil farga raudt
raudt som proletariatet sitt bankande hjarta
med vaiande flag og solidarisk sinnelag
Eg vil farga raudt
som ein nyspretta mage
med sinne som ein okse vil eg stanga
inn i ei raud og dampande fitte
Med tankane reine som ei tenåringsjente
vil eg la kinna rødme
med tanken på eit glansbilete hjarta
Ein trutmunn lokkande,
dans på ein låve
med kåte sprett
Egvil farga med raudt
med blodute trevlar
frå avskorne lemmar
Til slutt
som vanleg
vert eg ståande
med ei tube innstorkna maling
Du smiler usikkert
opnar deg
vart
eg ser forbi
høgg i det personlege
Du ville seia meg
det som var trist
Eg ser ei søt jente
forvandla seg
i det ho stotrar fram ein bodskap
men det glepp i orda
Arne Barlindhaug Ellingsen : den
vakreste poesis kvartal